- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Målet med videoen er å setje lys på dei usynlege smertene som folk gjerne bærer med seg i kvardagen.

– Alle menneske har sin eigen bagasje å dra på. Nokon har kanskje mista folk dei er glad i, medan andre har opplevd mobbing og personangrep. Alle har nok opplevd noko som pregar dei i større eller mindre grad. Men det er ikkje alt som er synleg.

Kristine Bakken Ottesen jobbar til dagleg i barnehage, i tillegg til at ho driv på med portrett-fotografering under namnet Ottesen Foto.

Foto: Privat

For to veker sidan lanserte ho eit nytt videoprosjekt på Facebook som handlar om å vere eit medmenneske. Men for å få til ei visuell attskaping av temaet, måtte Ottesen sjølv dukke ned i eit hav av vonde kjensler.

– Kan vere ganske brutalt

– Nokre av desse kjenslene har eg sjølv fått kjenne på, spesielt dette med å miste nokon som står deg nær. Ei slik oppleving kan vere ganske brutal.

Som tenåring døydde faren til Ottesen av kreft. Samstundes har ho også vore vitne til at fleire ho er glad i, har blitt utsett for mobbing, både på nett og i person.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har sett kva dette kan gjere med eit menneske. Det litle smilet me kan gi kvarandre kan bety så enormt mykje for den det gjeld, sjølv om ein kanskje ikkje tenkjer over det. Eg brenn veldig for at me skal vere gode med kvarandre. Me er berre menneske og er like mykje verdt, seier ho.

Ein tankevekkande prosess

Fleire frivillige har vore med som skodespelarar i filmen. Den er ikkje basert på livet til konkrete personar, men har som formål å fungere som ein tankevekkjar for sjåaren.

- Annonse -

– Eg starta eigentleg med å skrive ned idear til kva som kunne skape dei ulike kjenslene. Men nesten ingen av dei nedskrivne ideane blei noko av då eg byrja med filminga. Eg laga først eit klipp, berre for å prøve om det blei sånn eg hadde sett for meg, og etter kvart fekk eg nye idear og innspel frå dei som var med.

– Filmen blei til medan prosessen gjekk føre seg. Målet var heile tida at det skulle vere kjenslene som kom fram, og ikkje personane i filmen. Dei skulle bli så anonyme som mogleg, opplyser ho.

Det vonde og usynlege

Kva tenkjer du er målet med filmen?

– Eg ønskjer å setje lys på det vonde som mange opplever, utan at det nødvendigvis er synleg for andre. Så vil eg at det skal bli ei lita aha-oppleving om at me bør bli flinkare til å ikkje dømme folk på førehand, forklarer Ottesen.

– Tenkjer du at folk har fort for å dømme?

– Ja, kanskje litt?

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -