- Annonse -

– Når eg har vore ute desse dagane så har det vore ein stillhet rundt oss. Eit manglande folkeliv, ein tomhet. Noko eg trur alle har følt på, seier fotograf Kristine Bakken.

Kristine Bakken Ottesen jobbar til dagleg i barnehage, i tillegg til at ho driv med portrett-fotografering under namnet Ottesen Foto.

Lange dagar fekk ho til å lage ein video som dokumenterer Stord under koronakrisa.

Kristine Bakken. Foto: Privat

– Videoen blei eigenleg til for å ha noko å dele med fotofølgjarane mine. No i denne koronatida kan eg jo ikkje ta i mot noko som helst form for fotooppdrag, så det vert lite å gjere på som fotograf då. I tillegg er jo barnehagen eg vanligvis jobbar i stengd, så eg har hatt litt tid til overs, fortel Bakken.

Fotografen frå Stord blei fascinert over stillheita som plutseleg gjorde sitt inntog i Stord-samfunnet, og ønskte å dokumenterte dette.

– Ideen kom til meg den dagen Norge gjekk inn for desse strenge tiltaka. Stord blei som dei fleste andre byar tømt, noko som igrunn var fascinerande å sjå. Selvfølgelig også godt å sjå at folk tok det på alvor.

- Annonse -

– Når eg har vore ute desse dagane så har det vore ein stillhet rundt oss. Eit manglande folkeliv, ein tomhet. Noko eg trur alle har følt på. Så eg hadde lyst prøve å visualisere den spesielle stillheita med å vise fram ei øy heilt annleis enn den slik me vanligvis kjenner ho.

Sjå videoen til Bakken øvst i saka!