Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Grunna stor pågang og lite tilfredsstillande lokale vurderer no Krisesenter Vest IKS å slå saman krisesentra i dei to byane. 

– Krisesenteret har over tid opplevd ein auke i pågang av brukarar. I tillegg ser me at lokala me har i dag gir oss ein del utfordringar. Me har ikkje godt nok eigna lokale for å gi eit bra nok tilbod for å ivareta tryggleiken av brukarar, fortel dagleg leiar i Krisesenter Vest IKS, Britt Helen Aasbø.

Krisesenter Vest gir eit krisesentertilbod til 178.000 innbyggjarar i 17 innbyggjarar, fordelt på krisesentra i Stord og Haugesund. Dei disponerer to eldre einebustadar, med til saman 11 bebuarrom for brukarane.

Klarar ikkje ta i mot dagbrukarar

Aasbø fortel at det er spesielt dagbrukarane som i dag ikkje får eit godt nok tilbod i følgje lova på grunn av dei ugunstige lokala.

– Me slit med å ta i mot den store pågangen av dagbrukarar som me har sett dei siste åra. Det er ei gruppe som ofte fell utanfor, og som ofte lev med grov og alvorleg vald. I tillegg klarar me ikkje å gi eit godt nok tilbod til dei med tilleggsproblematikk innan rus og psykiatri.

Krisesenteret slit også med å gi eit godt nok tilbod for mannlege brukarar. I fjor skreiv Stord24 at Fylkesmannen i Hordaland retta kritikk mot krisesenteret på grunn av manglande kapasitet for menn. Det har mellom anna ført til at mannlege brukarane har blitt sendt til hotell.

- Annonse -
- Annonse -

– Avstand kan vere ein fordel

No har senteret starta eit forprosjekt for å avvikle dagens krisesentra og bygge opp eit nytt, større og moderne senter for heile regionen.

- Annonse -

– Me har fått eit mandat for å sjå på om det er eit behov for eit samlokalisert senter som kan ta seg av all vald, og som kan tilrettelegge for alle brukarar.

Det er førebels ikkje teke stilling til kvar det nye krisesenteret eventuelt bør vere. Aasbø er klar på at lenger reisetid er ein viktig del av vurderinga.

– Ja, det er kjempeviktig å ta med. Det er klart ei utfordring med avstand i nokre tilfelle, men når folk treng å kome seg vekk er ofte avstand det ein treng for å bryte den valdelege relasjonen. Me flyttar også bebuarar mellom krisesentra i dag dersom trugselen er for stor.

– Men me kan også sjå på alternative løysingar, som å ha eit dagtilbod ute i dirstriktet. Det viktigaste er at me klarar å sirke at alle får eit godt og trygt krisesentertilbod, seier Aasbø.

Det er representantskapen i Krisesenter Vest IKS, beståanda av eigarkommunane, som skal ta stilling til saka i mai neste år, når forprosjektet ligg klart.