Kommunalsjef Mariann Hilt, kommunelege Lars Helge Sørheim, ordførar Gaute S. Epland (Ap) og kommunalsjef Knut J. Gram utgjer kriseleiinga i kommunen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Redusert smitte, uendra tiltak og mogleg heimeskule er blant det som vert nemnt i ei ny oppdatering på koronasituasjonen i kommunen.

Per fredag er det registrert totalt 139 Covid-19-positive i Stord kommune.

– Tal nye smittetilfelle er redusert dei siste tre vekene og det er ikkje teikn til smitte utan kjent smittekjelde, melder kriseleiinga.

Denne veka er det meldt eitt nytt smittetilfelle; ein utanlandsk gjestearbeidar knytt til Aker Solutions. Vedkommande er isolert.

Heimeskule som eit førebyggjande tiltak

Det er denne veka ikkje kome endringar i smitteverntiltak eller oppmodingar i kommunen, men kriseleiinga har fått inn eit ønskje om å vurdere heimeskule måndag 21. desember.

Dette som «eit førebyggjande tiltak«.

- Annonse -

– Ein ser i dag ikkje dette som eit naudsynt tiltak ut frå smittesituasjonen på Stord, men vurderer dette løpande.

Gode rutinar hos verksemdene

Kommunen har starta planlegginga av gjennomføringa av vaksinering, og det er venta at dette skal gjennomførast over nyttår.

Det har også blitt føreteke ei kartlegging knytt til korleis karantereglar og andre smitteverntiltak vert etterlevde i verksemder som tek imot utanlandske gjestearbeidarar.

– Tilbakemeldingane så langt syner at verksemdene har gode rutinar for dette, heiter det i pressemeldinga.