Frå og med måndag 23. november skal alle skular i Stord kommune bli drive på gult tiltaksnivå. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

– Det kan verke som at dei sentrale og lokale innstrammingane av råd har hatt effekt, skriv kriseleiinga i ei oppdatering kring koronasituasjonen fredag.

Det er to veker sidan kriseleiinga i Stord kommune varsla at ungdomsskulane skulle over til raudt nivå frå og med 9. november. Samtidig var oppmodinga at dei vidaregåande skulane gjorde det same.

Dette tiltaket var eitt av fleire tiltak som vart innført for å avgrense smitteutbrotet i kommunen.

Fredag ettermiddag kom kriseleiinga med ei oppdatering på situasjonen. Per i dag er det registrert totalt 132 Covid-19-positive i Stord kommune.

– I veke 47 er det så langt ikkje meldt inn nye tilfelle, skriv kommunen.

Færre testar

Dette står i kontrast til veka før kor det var meldt om 16 nye tilfelle.

- Annonse -

– 13 av desse var utanlandske arbeidarar som var i karantene knytt til Kværner. Tre var stordabuar, der to hadde smittekjelde i annan kommune. Eitt tilfelle hadde ukjent kjelde.

– Det er ikkje registrert alvorleg sjukdom blant dei smitta i Stord. Det er ikkje påvist smitte i sjukeheimar, omsorgsbustader, bufellesskap, skular og barnehagar.

Ifølgje oppdateringa har færre teke kontakt for testing denne veka, og kriseleiinga skriv at det kan verka som at dei sentrale og lokale innstrammingane av råd har hatt effekt.

To lokale endringar

I lista over lokale oppmodingar og tiltak i Stord kommune vert det no innført følgjande endringar:

  • Utelivsbransjen har fått endra sentrale retningsliner, desse erstattar dei lokale råda
  • Alle skulane skal driva på gult tiltaksnivå frå måndag 23.11.20

Lista vert elles vidareført slik han står inntil vidare.