Kriminell Kunst imponerte mange på 100 Dagar 2019. Foto: Peter Tubaas
- Annonse -

Pressemelding frå 100 Dagar: Stavanger-gruppa Kriminell Kunst vert Vestlandssatsinga 2019, og får scenetid på ei rekkje festivalar til sommaren.

Laurdag 26.01.2019. Presis kl 22.00. Lokasjon: Arena, Leirvik sentrum. Ein eksplosjon av dimensjonar vart innrapportert. Alle patruljar vart send. Dei vart møtt av ein heil bygning i funky skaking. Eit publikum i sveitt groove. Og eit band så heitt at dei patruljerande måtte hiva av seg og sno seg gyngande rundt i barissen. Siste tilbakemelding mottatt var ein sjølvis av glinsande kroppar i upassande dans. Kriminell Kunst fillerista 100 Dagar!

Kriminell Kunst sitt musikalske bilete er eit massivt graffitiverk. Frå heile fargekartet. Hiphop med feite rytmar, og refreng så uimotståelege at du syng med uansett. Dette er elegante rap’arar med relevante triks. Lure flir, deileg driv, humor og eruptiv attitude. Oppsiktsvekkande høg kvalitet på låtar, lyd, show og utførsel. I 2019 skal du ha med deg minst ein festivalkonsert med denne gjengen! Og no, som vinnarar av Vestlandssatsinga 2019, blir det ein heil bønsj festivalar på dei. Det er kriminelt bra, og det er kunst av frekkaste sort. Kriminell Kunst kjem for å løfta haka di, og spraya deg i festivalfargar.

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 Dagar, er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta Kriminell Kunst godt imot, dei kjem nemleg for å bli.

Med på Vestlandssatsinga 2019 er heiderlege: Malakoff, Musikkfest Stavanger, Utkant, Skral, Tysnesfest, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest, Den Festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music festival.

Tidlegare vinnarar av Vestlandssatsinga er Silja Sol, Yuma Sun, I am K, Tiebreaker, Saissy Kraimspri.

- Annonse -
- Annonse -