Anders Jensen og Tore Arholm Tobiassen syns det er kjekt å vere tilbake på Stord. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Som vinnar av Vestlandssatsinga var 2019 eit travelt festivalår for Kriminell Kunst. Og 2020 starta på best tenkelege vis, med ein forrykande konsert framfor det entusiastiske 100 Dagar-publikummet.

I løpet av 2019 har dei spele på 19 festivalar, i tillegg til fleire spelejobbar, og dei har no verkeleg fått smaken på festivallivet. 

 – Sidan me blei Vestlandssatsinga på 100 dagar i fjor, har me fått veldig mange spelejobbar. Me har hatt ein travel sommar, noko me synest er kjekt, fortel vokalist Tore Arholm Tobiassen.

Dei to vokalistane i bandet fortel at 2019 har vore eit viktig år for musikken deira.

– 2019 var det sjukaste året for Kriminell Kunst. Alt det me fekk ut av 100 dagar er price-less. Då me reiste til Stord i fjor hadde me aldri sett for oss at me skulle få den råbra sommaren som me fekk, fortel Anders Jensen.

Har fått eit godt rykte

– Som ein bransjefestival vil eg sei at me har fått mykje meir ut av å spele på 100 dagar ein til dømes by:Larm, sjølv om by:Larm kanskje er den største bransjefestivalen, seier Arholm Tobiassen. 

- Annonse -
- Annonse -

I 2019 leverte Kriminell Kunst eit heftig live-show på 100 Dagar, noko både publikum og dei fremmøtte festivalsjefane lot seg rive med av. Mange dørar har opna seg sidan då, og hip-hop-bandet håpar på like travle år i tida framover.

– Folk har sett at me kan levere live-shows. Eg føler at me har fått eit godt rykte på at me kan levere live, og at folk veit meir kven me er. 

– I år har me lyst til å fokusere på å jobbe meir i studio og å få gitt ut meir musikk. No forstår me vårt eige prosjekt betre og kva som er kult med Kriminell Kunst, fortel Jensen.

– Kompistur heile vegen

Hip-hop-duoen har i løpet av året fått med seg eit større band. Bassisten møtte dei faktisk på Stord på 100 dagar i fjor. Og når dei først hadde fått med seg ein bassist, så balla det på seg og ein ny gitarist kom også med i bandet. 

– Det har vore ein kompistur heile vegen. Me føler jo at me heile tida får mange nye venner under vegs, så me har kost oss masse, fortel dei.

Kriminell Kunst vann Vestlandssatsinga i 2019. Foto: Peter Tubaas

– Me har utvikla oss mykje sidan byrjinga, og lydbilete har nok endra seg gjennom åra. Me merkar at me likar å ha med live-instrument, og no er me litt meir rocka med meir gitarspeling. Før hadde me berre med oss ein DJ. Plutselig heiv me på ein trommis, så ein bassist, så me plussar jo på heile tida, fortel dei.

Kriminell Kunst var sist ut på scena fredag kveld, og som lova leverte dei god stemning og ikkje minst god musikk. Publikum vart rive med og dei avslutta kvelden med eit fantastisk show. Også gamle rockarar elskar hip-hop når «killing in the name of» av Rage Against The Machine er avslutningsnummeret.