Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Kva som er dei reelle årsakene til at nokre grupper av menneske er meir kriminelle enn andre grupper, er kanskje FpU-formannen for lite nyfiken til å lura på.

Kjetil Grønås. Foto: privat

Av: Kjetil Grønås, Stord

Emil Tranøy Aasheim skriv i eit innlegg 23. januar at «Blant nordmenn så er 4,5 % dømte gjerningspersonar innanfor alt frå nasking til drap. Blant busette flyktningar så er den same andelen 10,9%. Tala er styggare om me kun fokusera på land som Somalia, som me har ein stor andel av i Noreg, og her er talet 12,4 %.»

Uff då. Statistikken for innvandrar frå verstinglandet Somalia er visst omtrent like dårleg som statistikken for Frp-politikarar.

Dette er det fjerde innlegget i debatten om innvandring på Stord24. Les dei andre innlegga her:

For innvandrarar har overrepresentasjonen innan kriminalitet gått ned i løpet av dei siste 25 åra, seier ein SSB-rapport frå desember 2017. Eg veit ikkje om det er gjort tilsvarande statistikksamanlikningar for den store kriminalitetsbomba som Frp-politikarar utgjer.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Men medan Aasheim og FpU vil ha kollektiv straff for menneske på flukt (For det må vel vera det som er poenget med å dra kriminalitetsstatistikk inn i eit innlegg om asylmottak?), får Frp-statsrådane vera i fred.

Kva kan vera grunnen til det? For mindre enn eit år sidan sette lov-og-orden-partiet Frp inn ein straffedømt nordmann, ikkje berre som statsråd, men som justisminister!! Forstå det, den som kan!

Kva som er dei reelle årsakene til at nokre grupper av menneske er meir kriminelle enn andre grupper, er kanskje FpU-formannen for lite nyfiken til å lura på. Men for dei av oss som er interesserte i å læra noko om samfunnet, hadde det jo vore interessant om nokon kan forska meir på desse spørsmåla.

Er det til dømes slik at FrP-arar er dårleg integrert i det norske samfunnet? Går det an å hjelpa dei på noko vis, slik at dei kan tilpassa seg kulturen og lovene me har?

- Annonse -