Arkivfoto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

Det vart ein sein kveld med mange omteljingar, men no er resultatet inne: Kristeleg Folkeparti fekk flest stemmer på Fitjar!

Harald Rydland og Fitjar KrF kan leggja seg med eit stort smil om munnen i kveld. Med 32,5 prosent av røystene i kommunen, ein auke på 15,3 prosentpoeng frå 2015.

– Det er ein skrekkblanda fryd i å få ein tredjedel av røystene i kommunen. De tyder på at nokon har store forhåpningar til oss, men me skal sjølvsagt prøva å innfri, fortel Harald Rydland.

Han krediterer det gode valresultatet til Fitjar KrF.

– Takk til alle som har stått på i valkampen, det er de som kan ta æra for dette resultatet.

Rydland gjekk i helga ut og ytra at han ynskja Sigurd Andre Maraas (FrP) som varaordførar, om han sjølv stakk av med ordførarrolla.

- Annonse -

– Eg ynskjer fortsatt Sigurd som varaordførar. Det kjem eg til å ynskje meg dersom eg vert ordførar.

Høgre går mest tilbake

Høgre har størst nedgang, og går heile 21,2 prosentpoeng ned frå førre kommuneval. Dei har likevel nest flest røyster i kommunen.

Under teljinga mangla det ei røyst. Ein konkluderte med at her har ei røyst har fått stempel utan å bli registrert i mantalet. Noko ein ikkje kan gjera noko med.

I Fitjar hadde 2439 personar røysterett. Valdeltakinga var på 70,8 prosent.

Endeleg resultat (Endring i prosentpoeng sidan førre kommuneval):

Kristeleg Folkeparti: 32,5 % (+15,3)

Høgre: 19,1% (-21,2)

Senterpartiet: 17,5% (+7,5)

Arbeidarpartiet: 16,7% (-2)

Framstegspartiet: 14,1% (+5,3)

Truleg mandatfordeling vert slik: KrF:6, Sp:3, Ap:3, H:3 og Frp:2.

I morgon skal ein finrekna. Då får me veta endeleg mandatfordeling, og kven som skal fylla plassane i kommunestyret.

- Annonse -