Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -

Studentsamskipnaden ved Høgskulen på Vestlandet meiner Stord kommune ikkje kan krevje eigedomskatt frå studentbustadane på Rommetveit.

– Rådmannen sin forståing av likehandsamingsprinsippet i relasjon til eigedomsskattelova uriktig, og medfører at eit vedtak i tråd med rådmannen si innstilling vil vere ugyldig.

Dette skriv advokatane til Studentsamskipnaden ved Høgskulen i Vestlandet, etter at rådmannen har innstilt på å seie nei til søknad om fritak for eigedomsskatt for studentbustadane på Rommetveit.

175.000 kroner

Det er formannskapet som skal avgjere saka på sitt neste møte. Dersom dei vel å gi fritak vil Stord kommune gå glipp av 175.000 kroner i skatteinntekter frå Studentsamskipnaden.

Rådmannen er negativ til å gi fritak, då han meiner eit fritak kan hevdast å vere konkurransevridande i høve til private utleigarar til studentar, og at dette bryt med likehandsamingsprinsippet.

- Annonse -

Advokatane meiner dette er ei feil tolking av lova, då ein ikkje kan sidestille private utleigarar med studentbustadar som ikkje har som føremål å tene pengar.

– Ein kan ikkje samanlikne Studentsamskipnaden med private aktørar som leiger ut for eiga privat vinning, og som heller ikkje kan gjevast fritak etter eigedomsskattelova.

Ugyldig vedtak

Dei meiner difor at eit vedtak som støttar seg rådmannen si grunngjeving vil vere ugyldig.

– Studentsamskipnaden er ingen privat bedrift som generer inntekter for sine eigarar. Studentsamskipnaden er ein ideell organisasjon med ein lovpålagt oppgåve å levere tenester og bustadar til studentar i lokalmiljøet.