Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad (H). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad, ber ordføraren om å klage på krysset som nyleg er ferdigstilt.

Statens Vegvesen har nytta meir enn 12 millionar kroner på oppgradering av Litlabøkrysset, som sto ferdig for få veker sidan.

Mange har blitt overraska over kor lite som eigentleg har blitt gjort i den lange byggeprosessen.

No vil også gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad, ha svar. Han har sendt ein interpellasjon til neste kommunestyret der han ber ordføraren løfte saka.

– Utbetring av E 39 med avkøyring til Litlabø er på det næraste ferdig. Mange har sett fram til denne utbetringa, med gode avkøyringstilhøve for trafikken nordover, med ventefil, samt avkjøringsfil for trafikken sørover, innleiar Svarstad.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er derfor med undring me ser resultatet. Ja me har fått betre sikt i krysset – men ikkje særleg meir. Det lar seg nok gjera for mindre bilar og passere dei bilane som skal svinge til Litlabø på veg nordover. Men står det mange bilar og ventar, vert det like fullt kø. Er det ein buss eller større bil som står og ventar, vil passasje for bilane bak i beste fall vera avgrensa.

Svarstad ber ordføraren ta opp saka med Vegvesenet, og prøve å få dei til å gjere meir i kryset.

– Stord Høgre vil be ordførar om å ta situasjonen opp til drøfting med Statens Vegvesen, og be om at krysset vert utforma i tråd med Vegvesenet sine normkrav for denne type kryss på Europaveg basert på trafikkmengda som passerer.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -