Agnar Karlsen krev at kommunen straksinnløyser denne tomta, like nord for Heiane. Foto: Gule Sider
- Annonse -

Agnar Karlsen hadde inngått ein intensjonsavtale med ein som ville kjøpe ei tomt ved E39 nord på Heiane. Men så fann han ut at eigedomen er bandlagt av kommunen.

I fjor vart Stordpakken lagt død av politikarane. Bompengepakken var meint å finansiere mellom anna sykkelveg mellom Heiane og Vabakken.

Men sjølv om realiseringa av sykkelvegen no er heilt i det blå, er planarbeidet framleis gjeldande.

Det fekk grunneigar Agnar Karlsen frå Stord erfare då han hadde førhandskonferanse med Stord kommune med tankar om utbygging.

– Eg har ein intensjonsavtale med nokon som vil kjøpe eigedomen, men så har Stord kommune omregulert tomta utan at eg har fått vite noko.

Karlsen er eigar av ein sentral tomt i nordenden av Heiane, i nærleiken av det gamle krysset mellom E39 og Heiane.

- Annonse -

– Når Stord kommune har bandlagt arealet og lagt ned byggeforbod så er jo denne eigedomen heilt ubrukeleg. Me får ikkje lov til å gjere noko her, seier han.

Den aktuelle kjøparen av tomta har dermed trekt seg. Karlsen har difor retta krav til Stord kommune om straksinnløysng av eigedomen.

– Kor mykje vil du krevje for tomta?

– Eg skal ha starte grunnforhandlingar med kommunen etter ferien. Då vil me sjå kva prisen blir. Det er forhandlingar som meg og kommunen skal ta, seier Karlsen.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med Stord kommune om saka.

- Annonse -