Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i midten av 60-åra fall tre meter då ulukka skjedde. 

Alle naudetatar rykka ut til Fjellgardane på Stord torsdag, etter at ein kranbil hadde velta under arbeid på eit gardstun.

– Han skulle lesse av tre høyballar her. Medan han haldt på så har desse greiene her velta og lausna av. Det er heilt uforklarleg korleis det skal ha skjedd, seier gardsdrivaren til Stord24.

I følgje politiet er føraren av kranen «våken og klar».

– Han blei frakta til akuttmottaket på Stord sjukehus. Han er under behandling, men var ved bevisstheit. Eg tør ikkje uttale meg om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Victor Jensen i Sørvest politidistrikt.

– Det blei sagt at det var eit fall frå ca. tre meter. Han har blitt med i fallet, men han har ikkje kome i klem. Skadene han har fått er som følgje av fallet.

- Annonse -
- Annonse -

Føraren er ein mann i midten av 60-åra.

- Annonse -

Ambulansepersonell, brannmannskap og politiet er no ferdige med arbeidet på sjølve ulukkesstaden.

- Annonse -