Foto: Ove Halleraker/Bømlo Brann og Redning
- Annonse -

To personar pusta inn røyk, men ingen vart skadd.

Klokka 03 natt til søndag rykte naudetatane ut til ein einebustad i Giljevegen på Bømlo etter melding om brann.

Bebuarane var då komen seg ut av huset. Dei blei sjekka av helsepersonell på staden etter at dei hadde pusta inn noko røyk, men skal ikkje vere alvorleg skada.

– Det var full overtenning i huset, opplyste Sørvest politidistrikt.

Politiet startar etterforsking for å finne ut kva som forårsaka brannen.