Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Ein mann i 30-åra fekk førarkortet inndratt av politiet etter å ha ignorert trafikkreguleringa på Rommetveit.

I samband med midlertidige lysreguleringar i Nordbygdo har politiet for tida fleire kontrollar.

På søndag vart to personar tekne for å ha køyrt på raudt lys på Haga, noko som resulterte i forenkla førelegg.

Men onsdag ettermiddag gjekk politiet endå hardare til verks. Politiet hadde lyskontroll i perioden 14.30 til 15.30, og i løpet av denne timen stansa dei éin førar for å ha køyrt på raudt lys. Det enda med at førarkortet vart beslaglagt.

– Ein mannleg førar i 30-åra køyrde på klart raudt lys, og gav gass i krysset. Jourhavande jurist bestemte at førarkortet skulle takast, seier operasjonsleiar Jøran Solheim i Sørvest politidistrikt.

Solheim opplyser om at vegtrafikklova gir politiet høve til å beslaglegge førarkortet dersom køyringa på raudt lys er ekstra grov.

- Annonse -
- Annonse -

 

- Annonse -