Foto: Midtsiden
- Annonse -

– Eg handla i nød, seier osingen etter biljakt i Bergen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Ein mann i 40-åra fekk beslaglagt førarkortet sitt etter å ha følgt ein ambulanse under utrykking frå Os til Bergen torsdag kveld.

Politiet prøvde å stoppa han, men han gav seg ikkje med det første.

– Ambulansepersonellet la merke til at han la seg etter dei, og opplevde at han skapte farlege situasjonar, fortel politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.

Ambulansen stoppa ved Kaland skule og ba mannen slutta å følgja utrykkinga. Det gjorde han ikkje.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei kontakta politiet, som tok dei igjen ved Skjold. 

Då køyrde osingen forbi ambulanse og ifrå politiet, i høg fart langs Sjølinjen før han stoppa. Biljakta varte i 4-6 minutt.

- Annonse -

– Eg trengte å vera på Haukeland saman med ambulansen

Midtsiden har snakka med bilførar i dag. Han meiner han handla i nødrett (grunnvilkår for straffeansvar, paragraf 17).

– Ambulansen hadde henta mora mi, som tydelegvis hadde blitt skrive ut frå sjukehus for tidleg, og som fekk store blødningar heime, fortel han.

– Eg kjenner helsehistorikken hennar, og eg har begrensa tillit til helsevesenet. Ikkje berre fordi dei hadde skrive ho ut for tidleg, men etter fleire episoder opp gjennom åra.

– Men no var ho i ambulanse, ho var vel i trygge hender?

– Det er ikkje sikkert. Eg prøvde å gi nokre viktige råd på staden, då dei henta ho, men opplevde at dei ikkje lytta til meg. Då tenkte eg at eg i alle fall skulle vera på sjukehuset ved ankomst.

– Då eg fekk politiet etter meg mellom Vallheiane og Skjold tenkte eg «greit, no er det førstemann til Haukeland». Eg gav meg på biljakta, men eg gir meg ikkje på at eg handla i nød. For meg, på vegne av mor, sto det om liv og helse.