Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet var redd for at mannen i 40-åra frå Stord skulle krasje, og sendte ut både redningsskøyte, politi og brannnvesen.

Avisa Vestnytt skriv at hendinga skjedde fredag kveld i førre veke.

– Han ringte inn og visste ikkje kvar han var. Han var kald og ønska hjelp. Mannen har adresse på Stord og skulle til Bergen. Han ringte då han var i Vatlestraumen. Då var han ganske berusa, sa Kjell Bjørn Heggøy ved Sotra og Øygarden lensmannskontor til avisa Vestnytt.

Mannen er ein kjenning av politiet og køyrde ein 27 fot stor båt. Politiet fekk kontroll på båten, men mannen var ikkje mykje samarbeidsvilleg:

– Han var svingete i humøret, køyrde litt bort og stoppet undervegs i dialogen, sa Heggøy.

Båten vart tatt inn til Alvøen kai, kor politiet sto klare med promilletest som synte at mannen hadde ein promille på ca. 1,8. Det vart også tatt blodprøver av mannen og han vart sett i arresten.

- Annonse -