Foto: Tipsar
- Annonse -

Politiet i Sør-Vest melder at naudetatane er på staden etter ei bilulukke på Fitjarvegen.

Klokka 09:27 onsdag morgon skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter at det har vore ei ulukke på Fitjarvegen.

– Det er ein personbil som har køyrd av vegen og som har treft eit tre. Ulukkesstaden er litt sør for Fitjar, mellom Tveitaholmen og Sandvika, opplysar John Ask, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikts operasjonssentral.

Han seier at sjåføren er ei kvinne i 30-åra og at ho var aleine i bilen.

– Bilen er ute av vegbanen. Ingen trafikale problemer. Førar av bilen vert ivaretatt av helse, skriv politiet på Twitter klokka 09:37.

Saka vert oppdatert

- Annonse -