Arkitektkontoret VIS-A-VIS i Trondheim laga vinnarutkastet til den nye Nysæter ungdomskule med prosjektet "Du Glitrande".
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I november var Nysæter ungdomsskule løfta opp som ein gladsak av dei styrande politikarane. No kan det likevel bli utsetjing, og ein sterkt redusert utgåve av skulen.

Rett før jul kom sjokkbeskjeden om at Nysæter ungdomsskule ligg an til å bli heile 120 millionar kroner dyrare enn den tidlegare estimerte prisen. No er prisauken på 128 millionar, slik at totalprisen for skulen vert estimert til 328 millionar kroner.

Kostnadsauken skuldast i hovudsak fire ting: behov for større areal til skulen enn kva som opphavleg var tenkt, behov for ny symjehall, vedtak om å bygge klatrehall og generell prisstiging.

Dette gjer at rådmannen ikkje meiner det er forsvarleg å bygge ut skulen i den målestokken ein hadde tenkt. Han meiner store grep må gjerast for å få ned kostnadane.

Vil redusere frå fire til tre parallellar

Mellom anna å sjå på moglegheit for tre parallellar i staden for fire. Dette basert på ein ny befolkingsprognose frå Norconsult, som viser at det dei neste 15 åra kjem til å bli 40-50 færre ungdomsskuleelevar årleg frå Sagvåg/Litlabø bydel enn kva som tidlegare var rekna inn.

– Me meiner at ein bør søka å redusera kostnaden med prosjektet, som er blitt langt
høgare enn det opphavleg overslaget. Nye elevtalsframskrivingar tilseier og at ein tek ei ny vurdering på om prosjektet bør planleggjast for fire parallellar, skriv rådmannen.

Sterkt redusert areal

- Annonse -
- Annonse -

I tillegg lister rådmannen opp ei rekkje andre forslag som vil redusere størrelsen og kvaliteten på skulen. Mellom anna å droppe den planlagde klatrehallen.

Andre forslag er å slå saman rom for teikning/tekstil/keramikk og fjerne eitt naturfagsrom.

Talet på kvadratmeter er også føreslått kraftig redusert. Blant den mest markante reduksjonen er arealet for amfiet, scenen og aulen, som er føreslått redusert slik at kapasiteten går frå 270 til berre 100 elevar. Då vil ikkje alle elevane på skulen kunna samlast.

- Annonse -

– Rådmannen meiner at det vil vera rett å ta ein ekstra runde for å søka å nedskalera prosjektet noko, slik det også vart gjort i samband med nye Stord ungdomsskule, og at det er eit potensiale for å få det til.

Likevel er rådmannen klar på at det ikkje er dei største millionane ein kjem til å spare ved å gjennomføre dei skisserte tiltaka.

– Det vil ikkje vere realistisk å krympa prosjektet ned mot dei opphavleg 200 millionane, men rådmannen vonar det kan vera mogeleg å få prosjektet nærare 300 millionar.

Kan likevel bli utsetjing

Dersom forslaga til rådmannen vert vedteke, vil ein ikkje klare å realisere skulen til avtalt tid. Skulen vil først kunna takast i bruk frå og med januar 2022. Det er eit halvt år etter den opphavlege planen, og tidspunktet som vart lova av politikarane seinast for nokre månadar sidan.

Då den politiske koalisjonen presenterte budsjettet i november i fjor, var Nysæter ungdomsskule løfta fram som den største gladsaka.

– Den største gladsaka er Nysæter. Me set spaden i jorda til neste år og sikrar oppstart som planen, sa ordførar Gaute Epland (Ap).

Ved ei eventuell utsetjing vert det i såfall lagt opp til at elevar og lærarar blir flytta til midlertidige lokale frå januar 2020.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -