Illustrasjon: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Billegare bruar og ei utsetjing av ny E39 over Stord har gjort at Vegvesenet trur dei kan kutte Hordfast-kostnadane frå 35 til under 30 milliardar kroner.

I fjor vart kostnadane for Hordfast redusert frå 43 til 35 milliardar kroner. No er det klart at prosjektgruppa i Statens Vegvesen har klart å redusere kostnaden endå meir.

I følgje NRK Hordaland viser dei nye berekningane at ein kan realisere prosjektet til under 30 milliardar kroner.

– Jau, me ser på moglege innsparingar. Me har ikkje gjort nøyaktige berekningar, men me har sett på kva moglegheitsrom me har for å kome ned i kostnadar. Eg har tru på at det er mogleg å få dette til med lågare pris, seier prosjektleiar Signe Eikenes til NRK.

Billegare bru

Ho opplyser at kostnadskutta er knytt til to ting. For det første har dei gjort berekningar som viser at det kan kuttast i utgiftene til materialval og materialmengde både på bruafrå Os til Stord og brua over Langenuen.

Her skal det vere eit innsparingspotensiale på heile fem milliardar kroner, i følgje statskanalen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det andre innsparingstiltaket, som kanskje er meir kontroversielt, er å utsetje firefeltsvegen over Stord til eit byggetrinn to. I følgje NRK Hordaland er dette noko som vert diskutert svært seriøst blant vegplanleggarane.

– Utsetjing vil bli diskutert

– Me har sett på om det er noko av vegen me kan utsetje å bygge. På Stord har me ein nokon lunde veg, og den utbygginga kan kanskje vente til eit byggetrinn to. Å utsetje den strekninga vil nok bli diskutert, sier Eikenes.

I løpet av oktober vil kommunedelplanen for Hordfast bli sendt til departementet. Då vil det ein få svar på om Vegvesenet rår til sørleg eller midtre kryssing over Langenuen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -