Jan Sigve Særsten har halde på med produksjon av honning i over 40 år. Han var imponert over oppmøtet til Reko-ringen i går. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Produsentane som var tilstades på årets første utdeling av Reko-ringen i går såg seg godt nøgd med utbyttet for kvelden.

– Det har blitt ein trend at kundane ønskjer å handle direkte hos produsentane. Dette betyr mykje for småprodusentar i distriktet vårt. Eg kan trygt seie at me overgjekk større tettstadar som kan samanliknast med Stord.

Dette seier Jan Sigve Særsten frå Bømlo, som var ein av femten produsentar under gårsdagens premiereutdeling av Reko-ringen i Sunnhordland. I over 40 år har han drive på med produksjon av økologisk lynghonning. Målet er å kunne leve av inntekta frå bikubane, i tillegg til småbruket med sauar og vestlandske fjorfe.

Særsten ser ikkje bort i frå at oppstarten av Reko-ringen kan bidra til å gjere dette mogleg.

Selde meir enn tidlegare

– For mitt vedkommande gjekk det veldig bra i går. Eg hadde med meg fleire produkt enn eg vanlegvis har hatt på slike arrangement, og fekk blant anna selt 16 posar med honning, i tillegg til pølser og kraftbein, seier han.

Konseptet bak Reko-ringen oppstod først i Sverige, og går ut på at folk kan bestille lokale matvarer gjennom Facebook og hente dei på avtalt stad direkte med produsenten.

- Annonse -

Målet er å skape mindre distanse mellom kjøpar og seljar.

– Viss Reko-ringen held fram og blir vellukka, trur eg fleire som meg vil kunne leve av produksjonen ved at ein får ta meirutbytte til seg utan å måtte dele det med andre smågrossistar. Dette vil bidra til at det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet blir holdt i hevd, seier Særsten.

Produsentane var travelt opptatt med utlevering av lokale matvarer på parkeringsplassen til Plantasjen. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk

Vil skape liv i sentrum

Blant dei femten produsentane som var tilstades i går, var det berre ein av dei som driv med produksjonen sin på Stord. Conny Bloch er dagleg leiar ved Bytunet Naturkost og viste fram sin eigen dyrking av mikrogrønt.

Mikrogrønt er små, spiseklare skot og blad som er dyrka utan noko ekstra næring eller sprøyting.

– Eg var med på Reko-ringen i Haugesund førre veke. Dei har halde på med konseptet i lang tid og veit kva det går i. Men for min del selde eg like mykje på premieren i går som eg gjorde i Haugesund, seier ho.

– Målet mitt er å skape meir liv i sentrum. Alt som er annleis tiltrekker folk.

Her viser Conny Bloch fram sine eigne dyrkingar av mikrogrønt. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk

Har tru på konseptet

Ingelill Handeland Eide, som er med i administratorgjengen til Reko-ringen i Sunnhordland, trur det kan vere fleire årsakar til at så få av produsentane kom frå Stord.

– Stord er på mange måtar eit industrisamfunn heller enn eit produksjonssamfunn. Men det er viktig å hugse på at ein treng ikkje dei store jordbruksareala for å sette i gang med matproduksjon, seier ho.

– Eg trur absolutt det er ein marknad for dette i Sunnhordland. Kortreist mat er jo berre startgropa. Eg trur dette kan bli stort.

- Annonse -