Koronaviruset er påvist i Kvinnherad. Foto: Pixabay
- Annonse -

– Det er viktig at ein ved mistanke om sjukdom ringer inn til legevakt eller fastlege og avklarar med desse før ein tek turen, råder dagleg leiar ved Sunnhordland interkommunale legevakt, Janett Svendsen.

Svendsen påpeiker at dette førebels gjeld personar som har vore i dei smitteutsatte landa Kina og Italia, og som har symptom på sjukdom. Symptom ved koronavirus-smitte er som ved andre luftveisinfeksjonar; hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

– Det er bare éin person som er smitta i Norge så langt, så dette gjeld for dei som har vore i dei aktuelle områda. Vi følgjer dei nasjonale retningslinjene etter kvart som dei kjem.

– Det er viktig at ein ikkje smittar andre på venterommet, seier ho.

Det nye koronaviruset covid-19 vart onsdag kveld påvist hos ei norsk kvinne i Tromsø. Ho kom med fly frå Oslo førre helg, etter å ha vore i eit smitteutsatt område i Kina. No sit no i heimekarantene og torsdag vil passasjerane ho delte fly med bli kontakta av Folkehelseinstituttet (FHI).

– Ho har vore i kontakt med veldig få, og dei ho har vore i kontakt med kontakter vi direkte. Vi har full oversikt over hennar rørsler i Norge, sa smittevernvakt og overlege ved FHI, Trude Arnesen til NRK onsdag.

- Annonse -

– Vi følgjer vanlege råd

Hos Sunnhordland interkommunale legevakt (IKS) har dei ikkje merka noko auka pågang frå engstelege personar, men beredskapen er på plass viss smitta skulle bli påvist i regionen.

– Vi har smittevernutstyr tilgjengeleg og følgjer vanlege råd og smittevernrutiner, som elles ved dråpesmitte, opplysar Svendsen.

Ho fortel at viss ein pasient kjem inn med symptom på koronavirus, vil denne bli utstyrt med munnbind. Dei tilsette vil også vere godt beskytta.

– Dei tilsette har åndedrettsvern, som er eit type munnbind, smittefrakk, hanskar og briller på seg.

– God handhygiene er viktig

Etter at det har blitt teke ein virusprøve av pasienten, vil dei føreta ei vurdering av helsetilstanden for vidare tiltak.

– Avhengig av kor sjuk ein er, vert ein anten isolert heime eller innlagt på sjukehus. Slik det ser ut no kan dei fleste vere heime, og dei kan bli følgt opp av fastlegen sin over telefon. Ein treng ikkje å få så alvorlege symptom, seier Svendsen.

Ho oppmodar alle om å vise omsyn for å hindre smitte.

– Det er viktig med god handhygiene og at ein hoster i armkroken. Følg dei primære råda.

Kommunen følgjer med

Kommunelege Lars Helge Sørheim fortel at kommunen følgjer med situasjonen.

– Eg er ikkje bekymra for smitte her i regionen no, men vi i helsetenesta planleggjer jo for utviklinga vidare. Det er det eg kan sei no.

Også han poengterar at det er veldig viktig at personar som har vore ute og reist i dei utsatte områda, held seg i ro heime og kontakter lege på telefon, samt at ein opprettheld gode hygienerutiner.

– Når dette er sikra hjelper du oss godt, seier han.

Torsdag melder norske medier at nordmenn sit i karantene også i Oslo, Mo i Rana og Sauda etter mistanke om koronavirus-smitte.