Koronaviruset er påvist i Kvinnherad. Foto: Pixabay
- Annonse -

Kommuneoverlege Glenn André Opland i Kvinnherad kommune stadfester at ein person har testa positivt for koronaviruset Covid-19.

– Eg kan bekrefta at vi har fått eitt bekrefta tilfelle av koronasmitte i kommunen.

Det seier kommuneoverlegen til avisa Kvinnheringen måndag ettermiddag.

Opland fortel til avisa at kvinnheringen som er smitta har vore i heimekarantene, og at vedkommande sat i karantene i samband med smittesporing. No har denne personen testa positivt, som det første tilfellet i Sunnhordland som Stord24 kjenner til.

– Dette er ikkje dramatisk, og det er ingen grunn til panikk. Dei nødvendige smittesporingane er gjort. Eg oppmodar igjen folk om å ha god hand- og hostehygiene, seier Opland til avisa.

Han ønskjer ifølgje Kvinnheringen ikkje å sei så mykje meir utover dette.

- Annonse -