Du treng ikkje dra langt for å finne plantar som du kan bruke i salaten. Foto: Runhild Hjellbrekke
- Annonse -

Naturen går sin gang, årstida stoppar ikkje opp, våren kjem. Dagen kan vera enkel, sjølv i ei vanskeleg tid.

Av: Runhild Hjellbrekke, Stord

Midt i all informasjon, karantene, plakatar om retningslinjer for å gå inn på butikken, stengde helse-, fritids,- og sosiale tilbod, kan ein stikke fingeren i jorda og kjenne etter.

Naturen går sin gang, årstida stoppar ikkje opp, våren kjem.

Me som bur på Stord er så heldige å leve tett på naturen. La oss nyte den, la oss nytte den!

Gi kroppen noko sunt og godt

I desse dagar er fleire på daglege turar.Vil du ha meir ut av turen? Gi kroppen din noko sunt og godt? La ungane plukke med ville vekster og lage enkel, næringsrik mat?

- Annonse -

Eg har sjekka vårens spisskammer; kortreist, gratis og fullt av antioksidantar og godsaker.

 Og så lettvint! Plukk og et! Eller bland med det du måtte ha for handa.

Brødskiva blir fort litt meir interessant med vekstar frå naturen. Foto: Runhild Hjellbrekke

I dag plukka eg skvallerkål og små spede ramsløkblad. Skvallerkål har C-vitaminar og ramsløk er god for imunforsvaret. Begge finst i rikelege mengder, og er best nettopp no! Kan det bli betre?

Eg tippar du har skvallerkål i blomebedet eller iallefall i hagen.

Plukk unge, frisk blad

Eg har vanlegvis med meg entusiastiske ungar på 3-4 år, og minst ein katt på sanking, men i dag var eg aleine. Det gjekk fint det og.

Plukk unge, friske blad, dei er mest potente og har meir smak. Plukk utanom stiane der alle trør, unngå vegkantane.Sjølv om du skyller urtene når du kjem heim, ønskjer du reine planter.

Ramsløk luktar som kvitløk, skvallerkål som persille. Sjekk at ikkje andre planter har sneke seg med i buketten.

Dei fleste ungar et gjerne skvallerkål rett frå vekstplassen. Mine ungar var ville etter det om våren. Skvallerkålen har ein nøtteaktig frisk smak, men kan bli dominerande i store mengder.

Klypp den opp i salatbollen, strø på kvitostskiva eller bruk i smoothie.

Kva med å prøve deg på ramsløkspesto? Foto: Runhild Hjellbrekke

Ramsløkspesto

Ramsløken er god saman med skvallerkål i salat, klypp den fint opp.

Ellers kan du td lett lage pesto og ramsløksolje. I pestoen mosar du ramsløken med stavmiksar eller blender, har i salt og olje etter eige val. Den er nydeleg på skiva, til pasta og på pizzaen. Varme ostesmørbrød kjem plutseleg i ein annan liga med ramsløkpesto.

Du kan og lage ramsløksmør med smør og finklypt ramsløk. Så enkelt, så godt. Bruk det du har for handa! Me går ikkje på butikken i tide og utide no. Dagen kan vera enkel, sjølv i ei vanskeleg tid.

Så hugs å legge lok på ramsløkprodukta!

  • Dette er eit bidrag til Stord24 sin satsing på borgarjournalistikk i koronakrisa. Me inviterer lesarane våre som har tid og ressursar til å bidra med tekstar, som gjerne kan inspirere og hjelpe folk i lokalsamfunnet i dei vanskelege tidene me no går gjennom. Bidrag kan sendast til redaksjonen@stord24.no.