Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

No er det berre éin pasient innlagt på sjukehuset, og i heile Helse Fonna.

I løpet av romjula tok Stord sjukehus i mot to pasientar som er blitt sjuke av koronaviruset.

Ein av desse var i aldersgruppa 18 til 65, og ein var over 65 år. Ingen av dei har fått intensiv behandling.

Den yngste pasienten er no skriven ut av sjukehuset, opplyser Helse Fonna. Den eldre pasienten er framleis innlagt.

Dermed er det berre éin pasient innlagt med Covid-19 på dei tre sjukehusa i Helse Fonna.