Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Helse Fonna melder søndag at Stord sjukehus har fått sin andre koronapasient.

Den første pasienten med koronasmitte var innlagt på sjukehus for ei veke sidan, men vart skriven ut etter få dagar.

No har pasient nummer to med påvist Covid-19 blitt lagt inn på Stord sjukehus.

Tala frå Helse Fonna syner at det for Helse Fonna sin del er blitt færra koronapasientar. No er det seks pasientar på Haugesund sjukehus, mot ni før helga, i tillegg til ein pasient på Odda sjuehus.

To pasientar får intensivbehandling, begge ved Haugesund sjukehus.

På Stord sjukehus er heile tredje etasje satt av til koronapasientar, og det er her sengeplassar til maksimalt 17 pasientar.

- Annonse -