To av fartøya Salt Ship Design har fått kontrakt på er brønnbåtar som er bestilt av DESS Aquaculture Shipping AS, eit samarbeidsselskap eigd av SolstadFarstad og Marine Harvest. Dette er søsterskip av to brønnbåtar som også er no er under bygging i Tyrkia, og som også er designa av Stord-selskapet.
- Annonse -

Salt Ship Design fek denne veka ordre på tre nye fartøy innan oppdrett og vind. 

– Det å få tre båtar på same veka er veldig kjekt. Dette er store og viktige kontraktar for oss, seier styreleiar Egil Sandvik i Salt Ship Design.

To av fartøya er brønnbåtar som er bestilt av DESS Aquaculture Shipping AS, eit samarbeidsselskap eigd av SolstadFarstad og Marine Harvest. Dette er søsterskip av to brønnbåtar som også er no er under bygging i Tyrkia, og som også er designa av Stord-selskapet.

– Det er noko me har gjort før, så det passar godt med nye design som me har fått tidlegare i år.

Får fotfeste i nye marknader

Leverering av nye brønnbåtane vil vere i løpet av 2020 og gå inn i ein langsiktig kontrakt med Marine Harvest.

Den tredje båten som Salt Ship Design fekk ordre på er eit farytøy knytt til vindmarknaden på vegner av franske Louis Dreyfus Armateurs. Når denne båten er ferdig bygd vil den gå inn i ein kontrakt med det danske energiselskapet Ørsted A/S.

- Annonse -

– Det er jo veldig interessant for oss at me no får kontraktar innanfor forskjellige marknader som oppdrett, vind og fisk, seier Sandvik.

Dette vindfartøyet skal gå på kontrakt for eit dansk energiselskap.

Snudd på hovudet

Ein skal ikkje lenger tilbake til 2014 før 100 prosent av alle båtane som Salt Ship Design designa var innan offshore-segmentet. No er situasjonen snudd på houdet.

– Fram til oktober 2014 var alt oljerelatert, og no er 100 prosent av nye kontraktar utanom olje. Så det har vore eit radikalt skifte og ein skikkeleg snuoperasjon for oss.

With the three new vessels, there are now twenty SALT-designs under construction within the following segments: wind , fishing, aquaculture, offshore and yacht.

– Er det takka vere oljekrisa at de no oppnår så stor suksess i andre marknadar?

– Det har vore eit uttalt mål å satse på fleire marknader frå starten, men når krisa kom så tvingte dette seg fram. Så me er jo veldig glade for at me då begynte å jobbe målbevisst inn mot andre marknader.

Kan bli fleire

Med dei tre nye kontraktane har Salt Ship Design no båtar under bygging innan vind, fisk, akvakultur, offshore og yatch-marknaden.

Salt Ship Design har i dag 30 tilsette på Stord og 50 i Polen. Sandvik utelukkar ikkje at dei gode tidene kan føre til at dei no vert fleire.

– Det kan nok hente at me i forsiktige former kjem til å bemanne opp, seier Sandvik.

- Annonse -