Foto: Vindblikk.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Artisten frå Breim leverer eit folkeleg konsept. Akkurat slik som folkemusikk bør vere.

«Eg har alltid hatt lyst til å stå fram som ein litt mørk og mystisk artist, ein sånn artist som ikkje treng å prate så mykje mellom låtane. At låtane liksom talar for seg sjølv. Men eg klarar rett og slett ikkje å halde kjeft.»

Latteren sat laust blant publikum under laurdagens konsert med Sigrid Moldestad, og trass i at klokka nesten nettopp hadde bikka konserttid, var det ingenting å seie på oppmøte. Drygt hundre stykk var til stades på Osvald Pub for å få med seg den etter kvart folkekjære musikaren frå Breim.

Og det er kanskje ikkje så rart.

Med over 14 års erfaring og ein av bransjens mest sødmefylte vokalar, er det ingen tvil om at Sigrid Moldestad har fleire historier på lur som er verdt å dele. Anten det dreier seg om tidlaus låtformidling, mimring tilbake til tidenes konsert på Tapperiet på Stord, eller tradisjonsrike forteljingar om «Bø-Mari» frå Breim og folkemusikkens røter – Moldestad har ein solid publikumsteft og forteljarevne.

Stilsikker blanding

Konserten er kløktig tillaga med ein allsidig låtkatalog som beveger seg saumlaust mellom ulike sjangrar. Tonesette dikt av Jan-Magnus Bruheim møter melankolsk visepop, som igjen møter rufsete americana og klassiske brureslåttar.

- Annonse -
- Annonse -

Ein salig, men stilsikker blanding, med andre ord.

Vokalen kjem best til uttrykk på dei meir neddempa partia, der musikken er skåre ned til beinet med ein enkel, organisk produksjon og ekte strykarar. Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Tarald Tvedten (stand-in for Kåre Opheim) støttar opp med mektige harmoniar og eit jordnært arrangement, som bidrar til å skape eit vakkert lydbilete, utan at det blir for strigla og plettfritt.

- Annonse -

Det er nemleg ikkje til å stikke under stol at sjølv om folkemusikken lever i beste velgåande og har lange røter i norsk musikkhistorie, kan det for mange oppfattast som noko ugjenkjenneleg: Folkemusikk høyrer til i fortida. Eller?

Foto: Vindblikk.

Ei fortruleg oppleving

Sigrid Moldestad trumfar gjennom med truverdig tekstfortolking og rammar musikken inn i eit samtidsuttrykk som i aller høgaste grad passar med notidas musikkforståing. Konseptet er, i mangel på meir kreative ord, veldig folkeleg. Akkurat slik som folkemusikk bør vere.

Spesielt tre av låtane frå konserten kan trekkast fram som soleklåre høgdepunkt: Coverversjonen av Emmylou Harris’ Green Pastures, Å Himlen Har Sove Bort Mørkret frå album nummer tre i 2012, og blant dei nyaste tilskota frå jubileumsalbumet i 2017, Finne Meg Ein Topp.

Slike enkeltaugneblink er nok til å løfte konserten opp ytterlegare eit par hakk.

Likevel er det først og fremst heilskapen som gjer dette til ei fortruleg oppleving. Moldestad spelar på fleire strengar, bokstavleg talt, og lever opp til forventningane.

Resultatet er meir enn vellukka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -