Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Domstolskommisjonen ønskjer å redusere talet på domstolar i Norge med to tredjedeler. 

I dag kom den etterlengta konklusjonen frå Domstolskommisjonen sitt langvarige arbeid med å teikne forslag til ny domstolsstruktur i landet. Dei vil redusere talet på førsteinstansdomstolar i Norge frå 60 til 22.

Som mange har frykta rår kommisjonen til at Sunnhordland tingrett blir samanslått med Haugaland tingrett, med lokalisering i Haugesund. Det vil i praksis bety ei nedlegging av den over 400 år lange institusjonen på Stord.

Kommisjonen føreslår vidare å legge ned Hardanger tingrett. Nye Ullensvang kommune er føreslått innlemma i Sunnhordland og Hardanger tingrett, og resten av Hardanger er føreslått overført til Bergen tingrett.

Varslar protest

Men det er ikkje domstolsadministrasjonen som har siste åra. Det er stortinget som vil ta den endelege avgjerda.

Allereie i dag har Arbeidarpartiet og Senterpartiet varsla at dei kjem til å kjempe i mot mange av dei føreslegne nedleggingane.

- Annonse -

– Me vil ha ein desentralisert domstolsstruktur, og me meiner domstolane må styrkast. Dei siste åra har me sett ein sveltefôring av domstolane, seier Lene Vågslid (Ap) til Klassekampen.

Magne Rommetveit (Ap) har også engasjert seg kraftig dei siste vekene med tanke på å få stansa ei nedlegging av Sunnhordland tingrett.

– Tingretten er ein viktig institusjon og arbeidsplass i og for Stord kommune og Sunnhordland, ein region med om lag 60 000 innbygjarar. Tingretten er grunnlaget for at regionen har eit stort juristmiljø med fleire adokatkontor, skreiv Rommetveit i eit spørsmål til justisministeren tidlegare i haust.

Liv Kari Eskeland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Jobbar iherdig med saka

Stortingspolitikar Liv Kari Eskeland (H) har derimot vore stille om saka. Men ho forsikrar seg overfor Stord24 at ho også jobbar iherdig med å få redda tingretten på Stord.

– Når du sit i posisjon reiser du ikkje fanen på same måte som når du er i opposisjon, men eg har jobba internt ganske mykje med dette. Eg har svært tett kontakt med justisfraksjonen hos oss, der me ser på korleis me kan kome dette i møte på ein konstruktiv måte.

Samtidig meiner Eskeland at ein må erkjenne at det er behov for omorganisering i domstols-Norge.

– Me ser behovet for reorganisering av tingrettar og domstolane våre.  At det vil bli endringar for nokon, er udiskutabelt. Så må me sørgje for at rettstryggleiken for innbyggjarane blir best mogleg ivareteken, og at advokatmiljøa blir ivaretekne.

Filial under Haugesund?

Den tidlegare Stord-ordføraren har merka seg at tingretten også var eit tema i lokalvalkampen, der ordførar Epland (Ap) og utfordrar Kyvik (H) hadde ulik tilnærming til saka. Epland ville ha samlokalisering med Hardanger, medan Kyvik meinte ein heller burde gå frivillig i dialog med Haugaland tingrett for å sikre seg betre kort påp handa. Den tanken er ikkje Eskeland heller framand for.

– Viss me kunne fått til ein slags filial eller noko liknande under Haugesund, så er det noko me må sjå på. Men ein kan vere heilt sikker på at denne saka er noko me jobbar ganske iherdig med.

- Annonse -