Kong Harald held seg heime under opninga av Johan Sverdrup. Foto: Det Norske Kongehuset
- Annonse -

Kong Harald deltar ikkje ved opninga av Johan Sverdrup-feltet, opplyser Kongehuset.

– På grunn av påkjenningane den siste tida, vil Hans Majestet Kongen ikkje delta ved opninga av Johan Sverdrup-feltet som planlagt, skriv Kongehuset i ei kort melding på nettsidene sine måndag ettermiddag.

Kong Harald skulle eigentleg ha deltatt i opninga av det nye oljefeltet tysdag saman med statsminister Erna Solberg (H) og olje- og energiminister Sylvi Listhaug (Frp).

No blir altså ikkje deltakinga hans noko av.

Kongens tidlegare svigerson, Ari Behn, tok sitt eige liv i romjula. Før jul var òg kongen sjukmeld med ein virusinfeksjon, som gjorde at han ikkje kunne delta i statsråd 20. desember.

Equinor fekk søndag kritikk av MDGs Une Bastholm for å involvere kongen i opninga av det nye feltet.

- Annonse -

– Equinor og regjeringa burde late vere å setje kongen i ein situasjon der han må kaste glans over eit oljeprosjekt som vil bidra massivt til klimakrisa, seier ho.