Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet har kontroll på personen som truga med kniv.

Ei kvinne som er tilsett i NAV blei truga med kniv fredag morgon under eit rutinebesøk i ein leilegheit i Sagvåg på Stord.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 9.26. Ein mann i 30-åra er arrestert av politiet etter knivtrugselen.

Kvinna blei ikkje skadd og gjekk sjølv frå staden, opplyser politiet.

– Ho blei ikkje fysisk skadd, men er prega av hendinga, skriv politiet på Twitter.

Fleire politipatruljer vart sendt til adressa der episoden skjedde, og fekk raskt kontroll på personen i leilegheita.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette skjedde i Sagvåg. Me har akkurat fått kontroll på personen, så eg har ikkje fleire opplysningar om hendinga no, seier operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

Politiet opplyser at var fleire til stades i den aktuelle leilegheita. Kvinna som blei truga blir no avhøyrt av politiet. Det same gjer den mistenkte og dei andre personane som var til stades i leilegheita.

– Vedkomande vil bli følgt opp etter gjeldande rutinar. Etter forholda har ho det bra og kjem til å bli ivareteken, seier einingsleiar i NAV Stord, Rune Pedersen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -