Det har i lang tid vore kjempa for å få fotgjengerovergang over Litlabøvegen frå Hillarhaugen og Kattaneset. No gjer kommunen affære. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter mykje engasjement frå lokalbefolkninga snur no kommunen og oppmodar Vegvesenet til trafikksikringstiltak ved Litlabø skule.

Vegvesenet gjorde ein trafikksikringsinspeksjon ved Litlabøvegen i fjor, som vart fulgt opp med eit vedtak om reduksjon av fartsgrensa frå 50 til 40 km/t ved avkjørsla til Litlabø skule.

Likevel er situasjonen for skulebarn i området farleg, då det ikkje er fotgjengerovergang for dei som bur i bustadfelta Hillarhaugen og Kattaneset. No oppmoder kommunen Statens Vegvesen om å gjere fleire tiltak på vegen.

– Den gjennomførte inspeksjonen viser omfattande utfordringar knytt til trafikktryggleiken langs fylkesveg 67. Stord kommune er oppteken av at skulevegane våre skal vere best mogleg sikra, skriv kommunalsjef Lovise Vestbøstad i eit brev.

I brevet ønskjer ho at det vert gjort ei vurdering av om sona for fartsgrense kan flyttast slik at strekninga ved avgjørsla for Kattanesvegen også vert omfatta av 40-sona.

– Det vert også bede om at det kan vurderast etablering av fotgjengarovergang for elevane frå Kattaneset og Hillarhaugen, skriv Vestbøstad.

- Annonse -