Slik ser Fronta for seg det nye bustadprosjektet, som vil erstatte dagens Eikelandshuset. Skisse: Fronta
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kulturkonsulenten i Stord kommune meiner Fronta ikkje bør få løyve til å bygge ein fem etasjars blokk i Kaisvingen.

Fronta presenterte i fjor haust planane om å rive Eikelandshuset i Borggata/Kaisvingen i Leirvik sentrum, og erstatte det med ei ny blokk på fire etasjar pluss parkeringskjellar.

Men planane fell ikkje i god jord hos eining for Kulturtenester i Stord kommune.

– Det er ikkje teke omsyn til omkringliggjande bygningar, bygningsmiljø eller til at gløtta frå Borggata mot sjøen ikkje skal byggjast bort, skriv kulturkonsulent Guri Aksnes.

– Harmonerar ikkje med miljøet

Ho viser til at dagens Eikelandshus er fint plassert i bakken ned mot sjøen, slik at det slepp at lyset kjem inn i Borggata.

– Både lyset og utsyn til sjøen skapar ei god atmosfære som er viktig for heile området. Det planlagde huset er for høgt i forhold til lystilhøva.

- Annonse -
Eikelandshuset. Foto: Google Maps

Aksnes meiner at heller ikkje arkitekturen passar inn i den eksisterande byggestilen i Borggata.

– Arkitektonisk er det ingen fellestrekk med eksisterande bygningar og bygningsmiløet. Bygget harmonerar ikkje med eksisterande miljø verken i volum eller arkitektur.

Det vert vist til reguleringsplanen der det står «nye bygg skal lokaliserast og utformast slik at eksisterande verna bygg ikkje vert skadelidande».

Blokka er teikna av arkitekt Asgeir Damman, som også jobbar i Fronta. Han sa til Stord24 i fjor at det tvert i mot er lagt vekt på at bygget skal passe inn i Borggata.

– Målet vårt har vore at huset skal gli inn utan å øydelegge det flotte parkområdet nedenfor. Bygget kjem til å markere skiljet mellom gamle Leirvik i Øvre Borggata og nye Leirvik med Borggata Futurum, så tanken har vore å skape ein naturleg overgang mellom dei to delane, sa Damman.

Kurt Arne Tyse. Foto: Fronta

Ber om politisk handsaming

Byggesaksavdelinga i kommunen meiner at byggesøknaden ikkje kan godkjennast fordi det krev fleire dispensasjonar frå gjeldande reguleringsplan, mellom anna at fordi det er lagt opp til å avvike fastsett byggegrense og føremålsgrense mot Borggata.

Men saka kan kome til politisk behandling dersom Fronta ønskjer det. Det stadfestar Fronta-sjef Kurt Arne Tyse at dei vil.

– Me har bedt om at det blir teke opp til politisk behandling. No er det ikkje lenger berre prat. No gjer me faktisk noko for å få liv i Borggata.Eg forventar at når nokon vil ta tak i Borggata og gjere noko, at politikarane og administrasjonen gir oss løyve.

– Kva tenkjer du om at kulturkonsulenten meiner bygget ikkje passar inn?

– Det måtte ein jo kome med for fleire år sidan. Det er jo ein godkjent reguleringsplan for området. Når me kjøper ein eigedom må me jo forvente at me må få bygge når me held oss innanfor planen. Det er jo eit minimum av kva ein må forvente.

- Annonse -