Foto: tipsar
- Annonse -

Vegarbeidet med nytt fortau i Kårevikvegen har gjort det svært trøblete for lokalbefolkinga. No tek kommunen grep.

Bebuarane i Kårevik fekk i dag ei tekstmelding frå Stord kommunalteknikk om at buss-slusa i Moldmyrvegen ved Kåreviksmarkjo barnehage blir opna for gjennomkøyring, grunna arbeidet med å byggje nytt fortau i Kårevikvegen.

– Me oppfordrar trafikkantar til å nytte denne vegen under anleggsarbeidet i Kårevikvegen. Me ber alle om å respektere fartsgrensene ta omsyn til dei mjuke trafikkantane, skriv kommunen.

Kommunen skriv også at politiet er varsla og at det vi vere sporadiske kontrollar.

Stord24 kjenner til at fleire bebuarar i Kårevik har vore frustrerte av den vanskelege framkomsten i samband med vegarbeidet, der det berre er mogleg plass til éin bil i breidda.

I går toppa det seg, då ein buss køyrde i grøfta grunna dei vanskelege køyreforholda.

- Annonse -
Samtidig melder kommunen at det vert vegstenging i Sveinslio i samband med pågåande prosjekt i Kårevik, frå måndag 18. september og ut veka. Innkjørsel til Sveinslio via Kårevikvegen, vert stengt.
Her er det no lov å køyre. Foto: Google maps
- Annonse -