Ansvaret for drift og vedlikehald av den midlertidige bussterminalen i Leirvik skulle ha vore hos fylket. Foto: Wikipedia
- Annonse -

Meiner det eigentleg var fylkeskommunen si oppgåve å betale for drift og vedlikehald av terminalen i Leirvik.

Førre veke hadde representantar frå Stord kommune møte saman med Statens Vegvesen om ansvar for drift og vedlikehald for den nye kollektivterminalen.

Her kom det fram at Stord kommune meiner dei urettmessig har betalt for drift og vedlikehald av terminalen, når det eigentleg var fylket si oppgåve.

Fylket sitt ansvar

– Eg har ikkje gått ned i noko djupdykk tidlegare, for det var jo sagt at det er kommunen som har ansvaret. I samband med planane om ny kollektivterminal fann me ut at me burde undersøke skikkeleg, og då viser det seg at me har drifta og vedlikehaldt terminalen på kaien sidan 2006, når det eigentleg var fylket og Vegvesenet sitt ansvar, seier Harald Oddvar Sæbø som er leiar for veg, trafikk og parkering i Stord kommune.

Sæbø viser til reglane som seier at det er veghaldar som har ansvaret for drift og vedlikehald av haldeplassar. Vegen til kaien på Leirvik blei omgjort til fylkesveg i 2010, og på bakgrun av dette skulle det ha vore fylket sitt ansvar å drifte terminalen.

- Annonse -

Asfaltarbeid og brøyting

Sæbø tør ikkje estimere kor mykje pengar kommunen urettmessig har brukt på terminalen sidan den blei sett i drift i 2006.

– Sjølv om me ikkje har lagt ned så veldig mykje pengar så har det blitt ein god del asfaltarbeid og brøyting. Når eg no fekk melding frå rådmannen frå ein som meinte me burde rydde og vaske i desse skura, så sendte eg det over til Vegvesenet og tenkte at dette er no eigentleg ikkje vårt ansvar.

Sæbø fortel at Vegvesenet støtta han i møtet, og at han no vil sende eit formelt brev for å få svar i saka. Han fortel at det har oppstått konfliktar mellom kommune og fylkeskommune i andre byar når det gjeld tilsvarande saker.

– I Tromsø blei det ein full krangel mellom kommunen og fylkeskommunen om kven som skal betale for drifta av kollektivterminalen. Då tenkte me at dette er viktige spørsmål som må avklarast, slik at ikkje me får nokre unaturlege kostnadar som dei ikkje har tenkt over.

Har ikkje løysinga

Fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland, Håkon Rasmussen, seier at han reknar med det er fylkeskommunen som skal betale for drift og vedlikhald når den nye kollektivterminalen står ferdig.

– Eg kjenner ikkje til kva som er gjeldande for den midlertidige situasjonen, men eg vil tru det er me som vil drifte den nye terminalen. Eg har ikkje løysinga klart for meg no, men generelt sett driftar og vedlikeheld me kollektivterminalar i fylket, seier Rasmussen.

Den nye kollektivterminalen er meint å kome som ein del av bompengepakken og ligg inne som ein del av Miljøgate-planane.

- Annonse -