Symjehallen i kulturhuset står føre omfattande rehabiliteringsbehov. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen meiner likevel det ikkje er grunnlag for å bygge eit nytt, større sentralanlegg i byen.

I fjor vart det kjent at bassenget i Kulturhuset i Leirvik sto foran omfattande rehabiliteringsbehov. Det hasta så mykje å få gjort noko med bassenget, at rådmannen vurderte om det ville vere billigare å rive bassenget og heller bygge nytt.

Omtrent samtidig gav arkitektane bak den nye ungdomsskulen på Nysæter beskjed om at det gamle bassenget tilknytt skulen var i så dårleg forfatning at det ville vere billegare å bygge nytt.

Kan leve i 10 år til

No har kommunen fått sett nærmare på saka, og konkluderer med at situasjonen ikkje er fullt så mørk når det gjeld bassenget i kulturhuset som det kunne verke. Dei har fått Norconsult til å lage ei tilstandsrapport, der dei skriv følgjande:

«På eit kort tidsperspektiv og etter tidlegare standard vurderast tilstand på bygget som bra. Dersom ein ser i eit lengre tidsperspektiv på 10 år fram i tid, vil det vere behov for omfattande rehabiliteringstiltak.»

Desse kostnadane er vurderte til om lag 27 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -

Samtidig ligg eit nytt basseng på Nysæter ungdomsskule no inne som ein del av planane. Dette er rekna til å koste om lag 30 millionar kroner.

Samla sett må kommunen dermed vente seg ei utgift på 57 millionar kroner samla for investering av nytt basseng på Nysæter og rehabilitering i Kulturhuset i løpet av dei neste ti åra.

- Annonse -

– Ikkje grunnlag for å bygge nytt

Trass i dei stipulerte utgiftene, meiner rådmannen ikkje det er grunnlag for å bygge eit nytt sentralanlegg, der ein samlar dei tre offentlege bassenga i eitt bygg.

I følgje Norges Svømmeforbund vil eit standardanlegg med 25 meters basseng koste om lag 100-110 millionar kroner. Men rådmannen viser til at kommunen har behov for eit mykje større anlegg, til dømes to vassflater på 25 meters lengde, eller å auke breidda på bassenga. Då vil prisen nærme seg 200 millionar kroner.

– Rådmannen meiner kostnadene ved bygging av nytt sentralbad i kommunen er altfor høge i noverande økonomiske situasjon for Stord kommune. Det vert ikkje tilrådd å gå vidare med prosjektet i eit forstudium.

Utdatert å ha småbasseng

Norges Svømmeforbund skriv i brevet at dei meiner sentralisering av bassenga er uunngåeleg på lengre sikt.

– Me meiner at sentralisering er uunngåeleg, fordi tida har gått frå enkeltståande småbasseng. Det er heilt utdatert å bygge eit 12,5 meters basseng for seg. Ingen kommunar har råd til å erstatte kvart vesle basseng, dermed blir «skulebassenga» lagt ned og erstatta med eit større anlegg i staden for 2-4 mindre, skriv Erlend Alstad som er rådgjevar i Svømmeforbundet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -