- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Næringsråd er svært forundra over at kommunen ikkje har teke dei med i dialogen om planane om miljøgate gjennom sentrum, og ber no forvaltningsstyret om å utsetje planane.

I dag skal planane om miljøgate gjennom Leirvik sentrum opp i forvaltningsstyret til 2. gongs handsaming. Rådmannen si innstilling er å godkjenne planane slik dei ligg føre, trass i store protestar frå næringsdrivande langs Sæ-vegen.

Ein av aktørane som har protestert mot planane er Stord næringsråd. Etter at rådet sendte sitt innspelsbrev i januar i år, skal kommunen ha lovd å ta dei med vidare i dialogen, ifølgje dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv. Det har dei ikkje gjort, og Sandtorv sender i dag ein klar oppmoding til politikarane i forvaltningsstyret om å ikkje handsame saka.

– Svært forundra

– Me ba om å bli teken med i den vidare dialogen med Stord kommune om detaljreguleringsplanen, noko som me vart lova. Me er difor svært  forundra over at detaljreguleringsplanen no kjem til 2.gongs handsaming utan at Stord kommune har følgt opp sine lovnader om dialog i saka.

Sandtorv meiner innspela som kom i vinter ikkje har blitt tekne på alvor.

- Annonse -
- Annonse -

– Innspela er blitt bagatellisert og avvist med grunngjeving som ikkje har rot verken i konsekvensutreiing eller verkelegheita i Leirvik sentrum. Dette gjeld spesielt  bortfall av parkeringsplassar, dimensjonering sykkeltrasse og stenging av Osen.

Vil stengje Osen

Det ligg framleis inne planar om å stengje Osen i dei nye planane, men at ein skal kunne opne for uttrykningskøyrety. Sandtorv meiner at å vedta planane slik dei ser ut no kan bety tap av arbeidsplassar i sentrum.

– Det er svært mange arbeidsplassar i Leirvik sentrum kor bilen er ein del av «verktøykassa». Desse står i reell fare for å forsvinna dersom forvaltningsstyret vedtek planen for detaljregulering miljøgata gjennom Leirvik i dag.

- Annonse -
Nils Magne Blålid, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Godt nok utgreidd

Leiar i forvaltningsstyret Nils Magne Blålid, meiner både kommunen og vegvesenet har tatt stilling til innspela som er kome så godt det kunne gjerast.

– Eg synes saka er godt nok utgreidd og næringslivet sine innspel er blitt vurdert og prøvd å takast omsyn til å så stor grad det er mogleg. Men det er ikkje kome opp nokre andre alternativ som løyser biltrafikken i sentrum og gjer det betre for gåande.

Blålid er klar for at det vil bli ein god debatt om saka i forvaltningsstyret i dag.

– Det kjem nok til å bli fremja eit forslag om å utsetje planane, og eg veit ikkje korleis det skal gå. Sjølv er eg jo innstilt på at handsame planane.

– Kva vil bli konsekvensane dersom planane vert utsett?

– Det vil jo ta lenger tid å få planane på plass, og eventuelt at dei ikkje kjem på plass. Då løyser me jo ingen av problema for biltrafikken eller syklande, og det vil ikkje bli noko utvikling av byen vår.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -