Coronaviruset er påvist i Norge. Legevakta på Stord er førebudd på å ta imot sjuke innbyggjarar viss sjukdomen kjem til Sunnhordland. Foto: Pixabay
- Annonse -

– Om du vert sjuk og ikkje har vore på reise i Hubei-provinsen eller byen Wuhan, er det ikkje grunn til tenke på coronavirus som årsak, meiner kommuneoverlege Lars Helge Sørheim.

I eit informasjonsskriv om coronaviruset som Stord kommune publiserte på nettstaden sin måndag, innleiar Sørheim med ein tryggande setning.

– Det er forkjøling og influensa som er greia hos oss, ikkje coronavirus.

Vi går mot ein topp i årets influensautbrot, som er venta å vere i månadskiftet februar/mars. Sørheim fortel at dei i Stord kommune har vaksinert mange i risikogruppene, og at helsepersonell også har teke vaksine.

– No vert andre tiltak som førebygger smitte, viktige framover. Vi bør avgrense nærkontakt med influensasjuke personar og dei som er sjuke bør avgrense kontakten med andre. Bruk av papirhandduk ved hoste/nys og handvask ofte og skikkeleg, er viktig.

– Vi følgjer med dagleg

Vidare vert det oppmoda om å unngå å ta seg til munn, nase og auge med uvaska hender når ein er ute blant folk.

- Annonse -

– Slik kan vi gjerne klare å avgrense influensatoppen. Det har vi greidd bra dei siste par åra. Gode rutinar og at flest mogleg er friske vil også vere til nytte ved andre luftvegsinfeksjonar som kan kome, skriv Sørheim.

I media er det for tida mykje fokus på utbreiinga av coronaviruset som oppsto i storbyen Wuhan i Kina i desember. Ifølgje Verdens helseorganisasjon sin situasjonsrapport frå søndag, er viruset no påvist i 23 andre land.

– Dei aktuelle helsetenestene i kommunane følgjer dagleg med på råd frå det nasjonale Folkehelseinstituttet som vidare har kontakt med internasjonalt nettverk kring dette.

Kommunen er godt førebudd

Kommuneoverlegen fortel at om ein vert sjuk og ikkje har vore på reise i Hubei-provinsen eller i byen Wuhan, er det ikkje grunn til å tenke på coronavirus som årsak.

– Folk som vender tilbake frå desse områda, vert følgde opp på ulikt vis i ulike land og Norge har sitt system for dette. Vi har god førebuing på gang slik at handsaminga hos oss vil bli så trygg som det er råd. Lokalt vil vi få aktuelle meldingar og folk vil få råd om å kontakte helsetenesta ved teikn på sjukdom og få oppfølging i slike høve, skriv Sørheim.

Vidare nemner han at munnbind er utvikla for at helsepersonell i jobben ikkje skal føre smitte over i sår eller til sårbare personar.

– I sjukehus vert nokre med smittesjukdom isolert for ikkje å smitte andre som er innlagt der. Det kan også vere aktuelt ved heimebehandling av sjuke.

– Slik vi lever og bur er det ikkje tilrådd med bruk av munnbind utanfor helsetenesta. Vi vurderer heller ikkje pålagd isolering som ein nyttig reiskap i vern mot smitte. Friske folk med gode vanar er alltid ein styrke i vern mot infeksjonar, sluttar kommuneoverlegen.