Slik såg trafikksituasjonen ut like etter klokk 14 måndag. Webkamera: Vegvesenet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein bil har køyrt inn i rekkverket på Stordabrua.

Det oppsto mindre trafikale problem på Stordabrua etter at ein bil køyrte inn i eit rekkverk. Ingen vart skadd i uhellet, som skjedde i 13.30-tida måndag.

– Ambulansen kom til staden og sjekka dei som var involvert, og ingen vart skada, fortel operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sørvest politidistrikt.

Det oppsto lange køar i sørgåande retning etter uhellet, men det tok ikkje lang tid før trafikken gjekk som normalt igjen etter trafikkuhellet.

– Bilen er fjerna av bilberging og trafikken går som normalt.

- Annonse -

Det var to personar i 50-60-årsalderen som var involvert i uhellet.

- Annonse -
- Annonse -

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -