Bilen fekk større skader etter kollisjonen, og måtte fraktast vekk med bergingsbil. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann blei frakta til legevakta for å ta blodprøve etter kollisjonen.

Oppdatering: Bilføraren har dokumentert overfor Stord24 at politiet har konkludert med at det ikkje var ruskøyring i biletet.

Klokka 14.18 fredag ettermiddag fekk politiet melding om ein bilist som kolliderte med ein stolpe i nærleiken av Amfi-senteret i Leirvik sentrum.

– Politiet kom raskt til staden. Dei fann ikkje noko personskade, men det var mistanke om ruskøyring. Han er no teken med til legevakta for blodprøve, fortel operasjonsleiar Nikolai Austerheim i Sørvest politidistrikt.

Mistanken om ruskøyring fekk politiet frå vitner som reagerte på køyringa.

– Nokre såg på kollisjonen som litt merkeleg, og viss det er mistanke om ruskøyring så er jo dette i høgste grad merkeleg.

- Annonse -

Bilen fekk større skader etter kollisjonen, og måtte fraktast vekk med bergingsbil.

Politiet vil opprette sak på forholdet.

To politipatruljar var på staden etter ulukka. Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -