Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein eldre ektepar kolliderte med ein hjort på E39 ved Jektevik på Stord natt til fredag.

Det var klokka 00.30 natt til fredag at politiet fekk melding om ulukka.

I følgje politiet skal det ikkje vere personskadar involvert, men store materielle skader.

Hjorten vart liggande død under bilen etter ulukka, og alle naudetatane kom til staden.

Sjokkerande oppleving

Det var eit eldre ektepar busett i bergensområdet som var involvert i ulukka, begge i slutten av 70-åra.

– Det ser ut som dei er uskadde, men dei har vore på legevakta. Det er sjølvsagt sjokkerande å få ein hjort rett inn i frontruta,og ikkje minst under bilen. Det er ikkje ofte hjorten hamnar under bilen etter slike kollisjonar, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt, Helen Rygg Ims.

Kraftig samanstøyt

- Annonse -

Ho fortel at begge airbagane blei laust ut som følgje av kollisjonen, og fronten på bilen er heilt øydelagt.

– Det har vore litt av eit samanstøyt, og dei var jo ikkje ungdommar heller. Då er det kanskje endå meir sjokkerande for dei. Men heldigvis gjekk dette bra, seier Ims.

- Annonse -