Gruppeleiar i Stord FrP. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: At den rådande koalisjona meinar og trur det er umogleg å effektivisere 1 prosent(!), gjer sjølvsagd sitt til at situasjona er som den er.

Av: Sigbjørn Framnes,
Gruppeleiar, Stord FrP

Vårt budsjettførelegg krev ei effektiviseringsvinst på 1%, tilsvarande 14 millionar av 1400 millionar, samstundes som ein sparer 5 millioner på spesifiserte tiltak. Det er ikkje spesielt urealistisk å tru at det går an. Det er dog ikkje vår oppgåve som ubetalte politikarar å peike på alle moglege tiltak i eit budsjett me veit ikkje blir vedteke.

Ellers, for koalisjona sitt vedteke budsjett er det altså lagt inn både uspesifisert effektivisering og mengder av utsette tiltak og ufinansierte utgreiingar. For oss ser det ut til at koalisjona her scorar eit politisk sjølvmål.

Dette er tredje innlegg i debatten om Stord-budsettet: 1# Ropar varsko om Stord-budsjettet | 2# Fleirtalspartia har vedteke eit realistisk og ansvarleg budsjett

Ellers er det til dels rett at me ikkje går for rådmannen sine innsparingstiltak. Til det ser dei ut til å vera bortimot skreddarsydd til å skape uro hos innbyggjarar og brukarar – ein kuttar og endrar i tilbod utan å involvere brukarane og utan å sjå på effektar av til dømes tilbakefall for tidlegare rusmisbrukarar. Me meiner det er meir å hente på organisering og driftsoptimalisering.

- Annonse -
- Annonse -

Når det gjeld endringar i tilboda som er skissert meiner me at me kan få til mykje. Det krev dog meir fingerspitzgefühl enn ein har greidd å framvise, både frå politisk og administrativt hald.

Brukarinvolvering i desse prosessane ser ikkje ut til å ha vore prioritert. Ikkje overraskande fører dette til uro og stor motstand.

Når det gjeld Nysæter ungdomsskule har Stord FrP lagt inn midlar til kjøp av midlertidig skulebygg (same som ein var fornøgd med ved utbygging av Stord Ungdomsskule). Slik kan ein flytte undervisninga inn i desse og rive den gamle og helseskadelege skulen.

Så meiner me, i likskap med IL Solid, at det må byggast basishall saman med fleirbrukshallen.

- Annonse -

Difor vil me heilt bevisst utsette til etter valet, slik at me får ei skikkeleg god og framtidsretta løysing og ikkje den barberte løysinga som administrasjon og folkevalde no ser ut til å gå for.

Elles, med tanke på regjeringa og kommunal finansiering, det er jo spesielt at samanliknbare kommunar som Os kommune får til gode løysingar utan å ha eigedomsskatt.

Vi meiner det er fordi ein der har innsett at kommunen si primæroppgåve er å gi innbyggjarane eit godt tilbod på ein effektiv, trygg og rasjonell måte. Av dette føl at kommunen si hovudoppgåve ikkje er å vera arbeidsgivar, og ein kan difor benytte seg av anbod og komkurranseutsetjing der ein ikkje greier å få til rasjonell drift sjølv. Slagordet «Os Inspirerer» er her heilt rett!

Vår garanti til innbyggjarane er at om me vinn valet skal me sørge for ei optimal løysing for Nysæter ungdomsskule, effektivisere kommunal drift, ikkje auke eigedomsskatten og på sikt redusere denne. Vår garanti til dei kommunalt tilsatte er at me vil høyre på dei og gi tid til organisering, effektivisering og god drift før me eventuelt (merk: eventuelt!) set større einingar ut på anbod.

Me er nemleg sikre på at kommunal drift kan slå private på kost og kvalitet – det gjer dei no i Os. Likevel, skal ein få effekten av konkurranse krev det at ein faktisk opnar for konkurranse.

At den rådande koalisjona (Sp, KrF, SV og Ap) meinar og trur det er umogleg å effektivisere 1%(!) gjer sjølvsagd sitt til at situasjona er som den er.

Det er nok det som er uansvarleg her.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -