Knut Reiersrud inntek Osvad pub førstkomande helg.
- Annonse -

Laurdag ettermiddag kjem ein av landets mest erfarne og produktive musikarar til Osvald pub.

Kong Harald er ein av dei som blitt bergteken av Knut Reiersrud sitt gitarspel. Kongen skal ha uttalt etter ein konsert med Reiersrud i Sør-Afrika at han aldri tidlegare hadde sett ein musikar fysisk forsvinne inn i instrumentet sitt slik som Knut.

No er bluesgitaristen også klar for å bergta Stord-publikummet. Olsen & Jensens viseklubb har invitert han til å spele på Osvald pub laurdag ettermiddag.

– I 35 år har Knut Reiersrud og strengane hans bergtatt folk verda rundt med ei heilt unik tolkingsevne, enten han spelar blues, global folkemusikk, pop eller salmar, skriv Viseklubben i ei melding.

Reisersrud har vore medverkande på over 300 plateinnspelingar; 15 av dei soloplater. Han er difor ein av landets mest erfarne studiomusikarar.

– På scena er han rett og slett ein magikar, noko storleikar i faget som mellom anna Buddy Guy og Dr. John har hatt nytte av, når dei har invitert han med på konsertane sine.

- Annonse -

Den 56 år gamle blueslegenden går på scenen klokka 16 laurdag ettermiddag.

– Velkomen til ei sjangersprengande musikkgeografisk reise, på vingene til ei levande legende og det som antakeleg vert ein drøss med strengebaserte instrument, skriv Viseklubben.

- Annonse -