Tidlegare samferdselsminister, Knut Arild Hareide (KrF). Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
- Annonse -

Bømling tek over sjefsstolen i sjøfartsdirektoratet etter Olav Akselsen.

Etter at Akselsen gjekk bort tidlegare år, har stillinga som sjøfartsdirektoratet sin øvste leiar blitt ledig.

No er det klart at det framleis blir ein sunnhordlending som skal vera sjef. Knut Arild Hareide på Bømlo vart fredag utnevnt som direktør av Kongen i statsråd.

– Sjøfartsdirektoratet skal bidra til å sikra Norges posisjon som ei leiande sjøfartsnasjon. Med Knut Arild Hareide får Sjøfartsdirektoratet ein svært godt kvalifisert leiar med brei erfaring frå politikk og næringsliv, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Hareide leia KrF frå 2011 til 2019 og har lang erfaring både frå kommunepolitikken og rikspolitikken. Han gav seg som stortingsrepresentant i haust.

– Som tidlegare statsråd i fleire departement kjenner han både forvaltninga og sektoren godt, og eg ser fram til eit godt samarbeid i åra framover, seier Skjæran.

- Annonse -
- Annonse -
Forrige artikkelEngelsen vil selja sentrale lokale: – Me vil ikkje vera ein aktiv eigedomsforvaltar
Neste artikkelStipendvinnar Severin (24) vil hjelpe unge musikarspirar å nå draumane sine
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no