- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet har ikkje funne noko som tyder på innbrot etter at dei fekk melding om knuste vindauga på Sunnhordland museum. 

Det var i 14-tida nyttårsafta at politiet fekk melding om dei knuste vindauga.

Politiet har i ettermiddag gjennomført ei åstadundersøking, men har ikkje funne noko teikn på at det har vore innbrot hos museet.

– Patruljen har søkt og ikkje funne noko eller nokon. Museet sikrar vindauga sjølv. Det er uvisst om noko er stelt, fortel operasjonsleiar Arnt Hennig Larsen ved Sør-Vest politidistrikt til Haugesund Avis.

Politiet vil følgje opp hendinga og opprette sak på forholdet.

- Annonse -

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -