Foto: Midtsiden
- Annonse -

To menn i 30-åra hamna i krangel på Fitjar laurdag kveld. Ein av dei er arrestert.

Klokka 18.47 fekk politiet melding om ein mann som truga ein annan mann med kniv i Havnevegen i Fitjar.

– Ingen vart skadd, opplyser Sørvest politidistrikt.

Det blei utført avhøyr av begge dei to involverte på staden, som begge er i 30-åra. Politiet pågreip gjerningsmannen utan dramatikk.

– Relasjonen mellom dei to er ukjent, melder politiet.

Mannen som vafrt frakta til arresten er også sikta for å ha køyrt med promille.

- Annonse -

– Han var godt rusa. Han blei først framstilt for blodprøve på Stord, og blei så køyrd til arresten etterpå. Han vil bli avhøyrt i formiddagstimane, fortel vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon.

Politiet opplyser at gjerningsmannen er av utanlandsk opphav.

- Annonse -