Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein mann i 30-åra frå ein kommune i Sunnhordland er tiltalt for vald og trugslar.

Det var i starten av mai i 2018 at sunnhordlendingen blei valdeleg mot ein mann frå Stord. Dette skjedde i ein bustad på Stord midt på natta.

Han blei slått gjentekne gonger i ansiktet. Det førte til at han knekte underkjeven og måtte opererast.

Etter valdshendinga vart stordabuen arbeidsufør i rundt seks veker.

I tillegg til brot på straffelova for vald, er sunnhordlendingen tiltalt for å ha kome med trugslar som var eigna til å framkalle alvorleg frykt.

- Annonse -

Før valdshandlingane skjedde uttalte han til fornærma at han skulle knekke nakken hans, og liknande utsegn.

- Annonse -
- Annonse -

Rettssaka mot mannen vil gå i Sunnhordland tingrett i starten av desember.

- Annonse -