Elverksjef Håvard Singelstad (t.v.) takkar av i Fitjar Kraftlag frå 1. januar. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under det ekstraordinært årsmøte i Fitjar Kraftlag i går blei overføringa av nettverksemda til Haugaland Kraft vedteken. Samtidig vart det kjent at Håvard Singelstad går av. 

Det var knytta stor spenning til om avtala om overføring av nettverksemda til Fitjar Kraftlag til Haugaland Kraft skulle bli vedteken av eigarane.

På ekstraordinært årsmøte i Fitjar Kraftlag torsdag 22. november 2018 vedtok fleirtalet transaksjon av nettverksemda og selskapets eigarposten i SKL til Haugaland Kraft.

Elverksjefen går av 1. janaur

Under same møte kom det fram opplysningar om at dagleg leiar i Fitjar Kraftlag, Håvard Singelstad, går av frå 1. januar.

– Han kjem til å gå av i Fitjar Kraftlag 1. januar og går over i ei stilling i Haugaland Kraft-systemet, opplyser styreleiar i Fitjar Kraftlag, Agnar Aarskog.

Han opplyser at Singelstad kjem til å vere delvis med i overgangsfasen fram til avtala med Haugaland Kraft er gjennomført.

- Annonse -
- Annonse -

– Me kjem til å leige han inn i ca. 40 prosent stilling i året som kjem, for det er jo ein del ting som skal skje i samband med at me går overfører nettet til dei. Han kjem då til å jobbe begge stadar.

– Kva tid vil det bli tilsett ny dagleg leiar?

– Me må jo skaffe oss ein ny leiar. Men me har ikkje gjort noko med dette, for det er jo no når avtala vart vedteke at me må ta fatt på dette.

- Annonse -

– Ikkje så veldig overraskande

– At kraftlagsleiaren gir seg, er ikkje dette ei relevant opplysning som burde kome fram før årsmøtet?

– Nei, for eg føler vel gjerne at det har vore litt i korta at han ville kome til å gå av dersom han blei nedstemt også. Han hadde nok gått av uansett. Men det er jo klart at han har leiar eit nettselskap, og er utdanna sivilingeniør og jobbar difor mest med nett. Så det er jo naturleg at han ikkje er med vidare i det som er igjen i Fitjar Kraftlag. Det trur eg ikkje er så veldig overraskande, seier Aarskog.

Håvard Singelstad ønskjer ikkje kommentere saka.

– Dette må du nesten snakke med Agnar Aarskog om. Eg har arbeidsforhold til styret så du må snakka med han om den saka.

Med atterhald om godkjenning på ekstraordinær generalforsamling i Haugaland Kraft måndag 26. november 2018 ser partane for seg at integreringa er gjennomført med verknad frå 1. januar 2019, skriv Kraftlaget.

Oppgjeret vil være i form av aksjar i Haugaland Kraft AS. Dette vil innebere at Fitjar Kraftlag AS blir aksjonær i Haugaland Kraft AS med 3,8 % eigardel.

- Annonse -