Banksjef Arve Havnerås i Sparebanken Vest på Stord melder om gode tider for sparebanken. Foto: Sparebanken Vest
- Annonse -

Sparebanken Vest kan notere seg ein kundevekst på heile 2200 nye kundar i Sunnhordland og Rogaland i løpet av fjoråret. No vi banken gi endå meir tilbake til lokalsamfunnet.

Sparebanken Vest kan sjå tilbake på eit fjorår med svært gode talt.

Banken nådde eit resultat før skatt på heile 1.844 millionar kroner i 2017. Det er ein vekst på 229 millionar kroner frå året før.

Det gode resultatet er ein naturleg følgje av at banken vert stadig meir populær i regionen. og spesielt blant dei yngste. I fjor fekk banken meir enn 700 nye kundar under 18 år i vår region, av totalt 2200 nye kundar.

– Svært gledelege tal

– Det er svært gledeleg at vi tek marknadsandelar i heile vårt område også blant dei yngste, og med dette legg eit stadig betre grunnlag for framtidig vekst, seier regiondirektør Bjørn Tjensvold i Sparebanken Vest.

Sparebanken Vest har no totalt 50 000 personkundar i området Rogaland/Sunnhordland, og ein vekst i utlån på 7,6 prosent i personmarknaden i 2017.

- Annonse -

– Det er også viktig at folk er klar over at den gode utviklinga til banken gjer at stadig meir av gåvemidlane til banken kjem tilbake til fylket.

Største gåva gjekk til ishallen

Den største gåva som banken delte ut i Sunnhordland i fjor var det Stord IL som fekk.

– I fjor fekk lag og organisasjonar i Rogaland og Sunnhordland til saman ca. 12 millionar i gåver. I Sunnhordland var det Stord Idrettslag som fekk den største enkeltgåva med 1 million til ishall, seier banksjef på Stord, Arne Havnerås.

For 2018 foreslår styret i banken at totalt 150 millionar kroner skal gå til utdeling av ålmennyttige gåver som skal bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet.

– Det betyr endå meir pengar også til gode prosjekt i Sunnhordland og Rogaland, seier den lokale banksjefen.

Banken opplyser også at dei vil utvide støtteordninga for kjøp av fotballdraktar for aldersbestemte lag, til også å gjelde handballag.

Stadig færre innom banken

Dei siste to åra har Sparebanken Vest opplevd ein betydeleg nedgang i tal på besøkande, et tal som i utgangspunktet var.

I 2015 var fem prosent av kundane til Sparebanken Vest innom eit kontor i løpet av året. I 2017 hadde dette talet gått ned til to prosent. Berre i løpet av fjoråret opplevde banken ein 70 prosent nedgang i manuelle skranketransaksjonar.

– Me må vere ein heilt digital bank i brukaroppleving, organisering og kultur. Den fysiske kontakten vil i framtida primært dreie seg om rådgjeving, ikkje transaksjonar. Vi vil nok møte kundane sjeldnare, seier konsernsjefen.

På Stord har banken nyleg selt bankbygget i Borggata, og vil i løpet av året redusere arealet sitt betydeleg.

- Annonse -