Foto: Engesund Fiskeoppdrett
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Engesund Fiskeoppdrett på Fitjar gjekk frå eit tap på sju millionar kroner i 2015 til 20 millionar kroner i pluss i fjor.

Selskapet som held til ved Fitjarøyane fekk i 2016 eit resultat før skatt på 20,3 millionar kroner.

Det svarar til ein driftsmargin på 23 prosent, og er i all hovudsak eit resultat av dei høge lakseprisane. Men innteninga hadde vore mykje høgare hadde det ikkje vore for utfordringane med lakselusen.

– Me hadde betydelege utfordringar med tilvekst og regelmessige avlusingar, men sjølv med det fekk me eit greitt resultat. Men me er langt frå nøgd med resultatet. Marginane skal vere større med så høge prisar, seier dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett Svein Eivind Gilje til iLaks.

Innteninga for i år skal vere betydeleg høgare, opplyser Gilje til nettavisa.

Styret har bestemt at det skal betalast ut eit utbytte på 1,4 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I 2013 opna den familieeigde bedrifta eit visningssenter for lakseoppdrett ved den gamle handelsstanden Engesund ved Fitjarøyane. I 2015 vart selskapet truga med tvangsmulkt grunna alt for mykje lus i merdane.

Engesund Fiskeoppdrett var ein av oppdrettselskapa som fekk ein såkalla grøn konsesjon frå fiskeridepartementet. Selskapet har i tillegg søkt om løyve til å utvikle eit flytande, lukka anlegg i betong.

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -